Unikt for distriktet er at ALLE erfaringskonsulentane i det som utgjorde Sogn og Fjordane, er samla i eit eige forum. Dette gjev ei utruleg støtte for kvar enkelt i sin jobb, og ikkje minst samhandling som erfaringskonsulent på tvers av bakgrunn/alder/kjønn og arbeidsplass.
Rusettervernet, som var initiativtakar til etablering av forumet, ynskjer å kunne gjere det mogleg for alle som har spørsmål rundt erfaringskonsulentar og tilsetting av slike, å henvende seg til forumet for rådgjeving. Grunna variasjonen av medlemmar og dei særskillte tilhøva som distriktet vårt gjev, er dette forumetein av dei beste til å kunne svare på det meste som t.d ein vestlandskommune eller føretak kan råke på av utfordringar og tankar i ein tilsettingsprosess.
Tilsette ein erfaringskonsulent?
Ein erfaringskonsulent har eigen erfaring som grunnlag for å støtte andre og bidra til betre tenesteutvikling. Mange jobbar i helseføretak, kommunar eller organisasjonar, og rolla bidreg til å setje brukarperspektivet på dagsorden.