Personvernerklæring
Sist oppdatert: 10. mars 2026
Denne personvernerklæringa fortel korleis Rusettervernet Sogn og Fjordane samlar inn og brukar personopplysningar.
Behandlingsansvarleg:
Rusettervernet Sogn og Fjordane, ved dagleg leiar
Postboks 311, 6901 Florø
Org.nr. 979 272 472
E-post: post@rusettervernet.no
Erklæringa gjeld for: www.rusettervernet.no
Erklæringa inneheld informasjon som du har krav på når det vert samla inn opplysningar frå nettstaden vår (personopplysningslova § 19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningslova § 18 1. ledd).
Vår databehandlar på denne nettstaden er:
Mediebruket AS, Førde, org.nr.: 994 57 6240
Vi har databehandlaravtale med Mediebruket AS, som har teieplikt.
Kva personopplysningar vi samlar inn, kvifor og på kva grunnlag
Informasjonskapslar
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plassert på datamaskina di når du besøker ei nettside.
Vi brukar ingen unødvendige informasjonskapslar på rusettervernet.no. Nettstaden er bygd på WordPress, og brukar berre dei informasjonskapslane som følgjer med denne plattforma og som er naudsynte for at nettstaden skal fungere korrekt.
Grunnlag: Nødvendig for å levere tenesta (legitim interesse, GDPR art. 6 f).
Viss du har ein brukarkonto og loggar på denne nettstaden, lagar vi ein mellombels informasjonskapsel for å finna ut om nettlesaren din godtek informasjonskapslar. Denne kapselen inneheld ingen personlege data, og blir fjerna når du lukkar nettlesaren. Når du loggar inn, lagar vi fleire informasjonskapslar for å lagre innloggingsopplysningane og skjerminnstillingane dine. Innloggingskapslar varar i to dagar, og skjerminformasjonskapslar varar i eitt år. Viss du vel «Hugs meg», vil innlogginga vare i to veker. Viss du loggar ut, blir innloggingskapslane fjerna.
Viss du redigerer eller legg ut ein artikkel, vil det bli laga ein infokapsel i nettlesaren din. Den inneheld ingen personlege opplysningar, og viser berre til innleggs-IDen til artikkelen du redigerte. Den går ut etter ein dag.
Bestilling av brosjyre via skjema
Når du bestiller brosjyre via skjema på nettstaden, vert følgjande opplysningar samla inn:
- Namn
- E-postadresse
- Adresse
Opplysningane vert lagra bak innlogging på nettstaden i 30 dagar, og er tilgjengeleg for administrator og vår databehandlar. I tillegg vert opplysningane sendt til oss på e-post. Sensitiv informasjon skal ikkje sendast via skjema sidan e-posten vert sendt ukryptert. Skjema samlar ikkje inn IP-adresser.
Grunnlag: Nødvendig for å oppfylle di førespurnad/avtale (GDPR art. 6 b).
Media
Viss du lastar opp bilete til nettstaden, bør du unngå å laste opp bilete med innebygde plassdata (EXIF GPS). Viss ikkje desse dataene er fjerna, kan dei som får tilgang til biletet kanskje sjå kor og når biletet er teke, og kva kamera som er nytta.
Kven vi deler opplysningane dine med
Opplysningar som vert sendt inn via skjema vert lagra på server hos vår databehandlar Mediebruket AS. Nettstaden er bygd på WordPress-plattforma. Vi deler ikkje personopplysningar med andre tredjepartar utan at det ligg føre eit særskilt grunnlag for dette.
Vi nyttar ikkje personopplysningar til automatiserte avgjerder eller profilering.
Kor lenge vi lagrar opplysningane dine
- Skjemadata (brosjyrebestilling): Lagrast i 30 dagar, deretter blir opplysningane sletta.
- Brukarkontoar: Lagrast så lenge brukaren ønskjer å ha tilgang. Alle brukarar kan sjå, endre og slette eigne opplysningar når som helst, med unntak av brukarnamn.
Kva rettar du har
Etter GDPR har du følgjande rettar knytt til opplysningane vi har om deg:
- Innsyn: Du kan be om å få sjå kva opplysningar vi har registrert om deg.
- Retting: Du kan be om at feilaktige opplysningar vert retta.
- Sletting: Du kan be om at opplysningar om deg vert sletta.
- Avgrensing: Du kan be om at behandlinga av opplysningane dine vert avgrensa.
- Dataportabilitet: Du kan be om å få utlevert opplysningane dine i eit maskinlesbart format.
For å nytte deg av desse rettane, ta kontakt med oss på post@rusettervernet.no.
Merk at nokre av desse rettane kan vere avgrensa av lovpålagte lagringsplikter eller andre omsyn.
Klagerett
Du har rett til å klage til Datatilsynet dersom du meiner vi behandlar personopplysningane dine i strid med personvernregelverket. Meir informasjon finn du på www.datatilsynet.no.
Har du spørsmål om korleis vi behandlar personopplysningar, ta kontakt med oss på post@rusettervernet.no.