Hei alle!
Det er ynskje om ein samlingskveld for Rusettervernet i Sogn og Fjordane sine gruppeleiarar og kontaktpersonar. Dette er betre kjent som «Gruppeleiarseminar» for dei som har vore med ei stund. Med mange nye i Rusettervernet og andre tider, er tanken å møtast for å dele eit godt måltid og den gode praten. Nokre er ny i si rolle i organisasjonen, andre har vore med lenge. Saman kan vi lufte tankar om Rusettervernet, deltaking og draumar. Det handlar om å styrke si rolle og bli trygg i det engasjementet ein har teke på seg.
Vel møtt til eit fortruleg og samlande møte på Grand Hotel på Skei, måndag 11 mai, 18:00-21:00. Rusettervernet spanderar middag kl 19:00 i hotellets restaurant.
Gje tilbakemeldig på evnt allergiar, og kom gjerne med innspel/ting å ta opp/diskutere til styreleiar Trine på trineh31@gmail.com eller 45056408. Påmeldingsfrist er sett til 8 mai og påmelding kan du gjere her.
Vel møtt.