Det er med stor glede å kunne få invitere dykk til årets A-Dagar på Leikanger Fjord Hotel 25 til 27 september.
Begrepet «A-Dagane» heng att frå tida Hjellestad-klinikken arrangerte medlemsmøter på Vestlandet på 70-talet, og er ein institusjon i seg sjølv innan vår organisasjon. Det har i alle år vore lagt vekt på å skape ein arena for sosialt samvær med likesinna, samt fagleg påfyll.
Mange pårørande og rusavhengige har stått på denne scena, både frå Rusettervernet og andre kantar av landet. Dette er vår arena til vår stemme! Det er viktig med fleire perspektiv og tankar på ferda. Difor har det i alle år vore interessante personar med ulik bakgrunn og hatt innlegg for oss. Fagpersonar innan forskning, spesialisthelse, foretak og undervisning. Her har vore folk frå andre organisasjonar på området, forfattarar, politikarar, debattantar og andre engasjerte. Og vi tykkjer fleire skal få høve til å ta del i dette.
Foredragsdelen startar kl 10:00 (oppmøte 09:45), lunsj kl 12:30-13:30 og avslutta ca kl 16:00, laurdag 26 september på Leikanger Fjordhotell.
Denne delen av A-dagane er også open for DEG som jobbar eller er engasjert i rusfeltet, offentleg eller privat. Skule, kommune, bedrift eller berre interessert som privatperson. Vi tek ikkje betalt, men om du vil gje ein skjerv blir vi glade (vipps 122178).
Her er årets ansikt:

I over 40 år har Gerd Helene Irgensjobba tett på rusavhengige og pårørande, frå Hjellestad si tid og til no som avdelingssjef på døgnavdelingen Askøy, Helse Bergen. Ho er psykiatrisk sykepleier og har lenge hatt ein særskillt fokus på barn som pårørande. Ikkje minst gjennom sitt engasjement i LISA-gruppene i Bergen, samtalegrupper for pårørande og rusavhengige, har Gerd Helene fått betydelig innsikt i alle rollene som rusavhengigheit fører med seg. Denne kunnskapen, kombinert med fag, gjev ei unik og markant tyngde i feltet.

Som profesjonell fotballspelar opplevde Claus Lundekvam på nært hald kva det vil sei å leve i ein prestasjonskultur der det forventast at ein alltid leverer, uansett korleis ein har det på innsida. Etter karriera møtte han imidlertid ein helt annan verkligheit. Overgangen frå toppidrett til sivilt liv ble langt mer krevjande enn han hadde forestilt seg, og han har seinere vore open om sine kampar med depresjon, identitetstap og psykiske utfordringar. Denne erfaringen vart starten på eit nytt engasjement med å jobbe målretta for å bryte ned tabu rundt psykisk helse
Rusettervernet har som alltid god tid om nokon også ynskjer å sei nokre ord, dele erfaringar og elles lufte tankar kring det ein står i. Årets forelesarar vonar også det blir litt diskusjon og debatt.
- FOR MEDLEMMAR I RUSETTERVERNET:
Etter foredragene er ferdig, blir det høve å trekke seg attende eller være med på ein organisert tur eller aktivitet (dette er litt væravhengig, men anten ein liten fottur eller hesteskokasting). Ta med klede tilpassa hausten på Vestlandet. Arrangementet er 100% rusfritt heile helga
Middag på fredag frå kl 20:00.
Laurdagen startar på 10:00 og varar til ca 16:00.*
Lunsj ca kl 12:30-13:30.
Festmiddag kl 19:00
Klekode til middag: typ bryllaup eller begravelse, ikkje Rema kl 22:50
* Tradisjonen tru, er foredragsdelen på laurdag ope for alle andre som vil komme og delta på A-dagane saman med oss! Tilsette i rus og psykisk helse, studentar og tilsette på Høgskulen, andre fellesskap og frivillige. Det er mogleg å delta på lunsjen saman med Rusettervernet.
Minner om gevinstar til åresalet og godt humør! Har du ein gitar og vet på å bruke den? Ta den med! Har du styra med dikt eller kåseri? Test det her! Er det fleire enn berre ho besta som seier du er ein komikar, test standupnummeret ditt på oss.
Bindande påmelding til fylkessekretær:
post@rusettervernet.no eventuelt SMS til 948 34 493, INNAN 20 september.
Beste helsing Eysteinn, Rusettervernet i Sogn og Fjordane

All deltaking krev påmelding og denne kan gjerast via QR eller her