Om rusettervernet
Rusettervernet i Sogn og Fjordane er ein frivillig organisasjon som arbeider for å støtte menneske med rusproblematikk og deira pårørande.
Praktisk informasjon
Vi er bygde på ideen om sjølvhjelp og fellesskap – at den som sjølv har levd med rus eller som pårørande, også sit med viktig kunnskap og erfaring som kan hjelpe andre.
Vi tilbyr sjølvhjelpsgrupper og kontaktpersonar i store delar av Sogn og Fjordane. Vår verksemd har eit sterkt verdigrunnlag i tru på endring, fellesskap, håp – og at alle menneske har moglegheit til eit betre liv.
Vi er tilgjengelege heile døgnet, heile året – ring oss på 948 34 493.
Kven er vi for?
- For alle mennesker som har tatt eit val om å leve uten bruk av rusmidlar.
- Mennesker som er påvirka av andre sin rusbruk.
- Skil ikkje på religion, kjønn, politikk, alder eller type rusmidlar
- Formidle kunnskap, inspirasjon og holdningar utifrå eigne erfaringer
Vi tilbyr støtte i form av etterverngrupper og pårørandegrupper – eller kontakt med erfarne personar som sjølve har gått gjennom liknande situasjonar.
Rusettervernet i brukarutvalet i Helse Førde
Rusettervernet har ein aktiv plass i brukarutvalet i Helse Førde, og fungerer som eit talerøyr for brukarar og pårørande med erfaring frå rusfeltet. Gjennom dette arbeidet bidreg vi til å styrkje pasientperspektivet og vere med å påverke utviklinga av tenester innan helse og rusbehandling.
Vi er opptekne av at brukarstemma blir høyrd – og at dei som sjølv har stått i utfordringane, skal få vere med og forme løysingane.
Rusettervernet er medlem i RHO
Rusettervernet har vore medlem i RHO – Rusfeltets Hovedorganisasjon ei god stund og har såleis tilgang på mykje kompetanse og nettverk for både politisk engasjement, fag og erfaringar. Som medlem har vi også tilgang på mykje kurs og arrangement i regi av RHO.