Årsmøte 2024

Hei alle saman, vyrde ettervernarar og pårørande!

Rusettervernet vil med dette kalle inn til årsmøte for 2024. Dette skjer heilt på bryggekanten i det nyoppussa Quality Hotel i Florø, laurdag 16 mars. Årsmøtet er kun for medlemmar av gruppene i Rusettervernet og våre kontaktpersonar rundt i fylket.

Vi startar med lunsj kl 12:00 og sjølve årsmøtet startar kl 13:00. På kvelden blir det god middag og sosialt samvær. Åresal er obligatorisk og ordet er fritt for dei som ynskjer å sei nokre ord eller halde ein quiz. Denne delen av årsmøte er ope for ektefelle/barn/partnar/og liknande. Hugs gevinstar og pent antrekk.

Påmeldinga skjer direkte til fylkessekretær på telefon 94834493 eller epost til post@rusettervernet.no. Dette er uavhengig av om ein skal ha overnatting eller ikkje, men for å sikre at alle får lunsj. Rusettervernet dekkar sjølvsagt alt frå laurdag til  sundag!
Arrangementet er udiskutabelt og definitivt rusfritt for alle.

Dei som vil komme på fredag, lyt bestille og dekke dette sjølv, evnt gruppene dekker for sine. Det er råd å nytte eige søknadsskjema på våre nettsider om gruppa treng støtte. Frå fredag til laurdag gjeld desse prisane på overnatting (inkludert frukost):
Enkeltrom kr. 1490,- pr person
Dobbeltrom kr. 1790,- pr person
Alle bestillingar av rom/dagpakke/middag skal skje innan 9 mars.

Om du allereie no veit at du skal delta, ikkje nøl med å melde deg på. Vi har kun eit visst antall rom reservert. Spørsmål ang årsmøtet/påmelding kan ein gjere på 94834493 eller
post@rusettervernet.no

PDF: Invitasjon årsmøte 2024

Jubileumsboka

Jubileumsboka «50 år med felleskap» inneheld portrett av personar i Rusettervernet med levd liv; sterke skildringar om vegen ut av rus og livet på «den smale sti». Her er også mennesker som delar av sin kvardag med rus i heimen og korleis dei vel å leve rundt dette. Det handlar ofte om å ikkje grave seg ned i situasjonen ein står i, men løfte blikket over skodda og finne løysingar som gjere ein i stand til å stå i det som kallast «livet». Her er ingen mirakelkur eller halleluja-oppskrift. Kun beretningar om folk og bestemmelsen dei har tatt. Her er også intervju med fleire av våre støttespelarar gjennom åra, noko vi som organisasjon er utruleg glade for å bli kjent med!
Boka kostar 400,- kan tingast hjå oss. Skal den sendast, lyt vi ta kr 50,- for porto.
Berre ta kontakt på 94834493 (SMS), via post@rusettervernet.no eller vår Facebookside.

Vi er på Facebook og Insta

Mykje av informasjonen ein treng (og ikkje treng) er tilgjengeleg på sosiale media. Også Rusettervernet ser behovet for denne tilnærminga og har vore på Facebook ei stund. Her kan de følge sida vår og få med dykk ting som vi også postar i nyhendebrevet, og annan informasjon ellers. Vi ynskjer spesiellt å poste ting som er frå gruppene våre, eller er relevante for dei og våre medlemmar. Vi er også å finne på Instagram. Del gjerne og spre ordet!

Køyreoppdrag

Rusettervernet utfører transport av personar som skal til, eller har vore i rusbehandling. Mot kompensasjon av utgifter (ferje/bensin/km), vil ein kunne få nytte våre medlemmer som sjåfør, anten med eigen bil, leigebil eller anna framkomstmiddel. Vi har gode erfaringar med at akkurat denne turen kan være grei å ta med nokon som har tatt den før. Her kan ein få usminka sanning om det meste anten ein er på veg inn eller ut av det som gjerne er si livs største endring.

Tilbodet vårt er tilgjengeleg for både helseforetak, fastlegar, ruskonsulentar, NAV eller andre innan rusomsorg (vi fakturerar etter oppdraget og mot ein rekvisisjon/bestilling). Tilbodet er også nytta av private foretak (stiftingar, bedrifter og frivillige klinikkar), og er sjølvsagt tilgjengeleg for privatpersonar.

Men, det føreligg ein instruks frå oss til alle som vil nytte seg av tilbodet. Vær grei og les Pas.reiser instruks.

Informasjon om erfaringsforum

Unikt for distriktet er at ALLE erfaringskonsulentane i det som utgjorde Sogn og Fjordane, er samla i eit eige forum. Dette gjev ei utruleg støtte for kvar enkelt i sin jobb, og ikkje minst samhandling som erfaringskonsulent på tvers av bakgrunn/alder/kjønn og arbeidsplass. Rusettervernet, som var initiativtakar til etablering av forumet, ynskjer å kunne gjere det mogleg for alle som har spørsmål rundt erfaringskonsulentar og tilsetting av slike, å henvende seg til forumet for rådgjeving. Grunna variasjonen av medlemmar og dei særskillte tilhøva som distriktet vårt gjev, er dette forumetein av dei beste til å kunne svare på det meste som t.d ein vestlandskommune eller føretak kan råke på av utfordringar og tankar i ein tilsettingsprosess.

Vil du vete meir om dette og ta med vidare på din arbeidsplass, finn ein informasjonsskriv som pdf-fil her.

Søknadskjema for ettervern-og pårørandegrupper

Her finn du søknadsskjema om gruppa å ynskjer søke fylkeslaget om midlar i særskilte høve t.d jubileum, kurs, annonsering o.l. Visse kriteriar:

  • Gruppene skal være sjølvfinansierte og det kan ikkje søkast fylkeslaget om midlar som skal dekke dagleg drift som m.a husleige, straum eller telefon.
  • Om det skal søkast midlar til noko som ein har eit prisoverslag på, skal dette fylje med søkaden.
  • Styret ynskjer rapport/evaluering i etterkant om midlane går til kurs/samling/reise.
  • Styret har rett til å redusere storleik på tilvising eller avslå ein søknad om den ikkje oppfyller kriteriane.
  • Søknaden sendast styret anten på epost eller brev, og styret behandlar søknaden på neste styremøte. 

Skjema for søknad kan tingast hjå fylkessekretær eller lastast ned her: Søknadskjema for ettervern og pårørandegrupper