Om rusettervernet
Rusettervernet i Sogn og Fjordane er ein frivillig organisasjon som arbeider for å støtte menneske med rusproblematikk og deira pårørande.
Praktisk informasjon
Vi er bygde på ideen om sjølvhjelp og fellesskap – at den som sjølv har levd med rus eller som pårørande, også sit med viktig kunnskap og erfaring som kan hjelpe andre.
Vi tilbyr sjølvhjelpsgrupper og kontaktpersonar i store delar av Sogn og Fjordane. Vår verksemd har eit sterkt verdigrunnlag i tru på endring, fellesskap, håp – og at alle menneske har moglegheit til eit betre liv. Vi er tilgjengelege heile døgnet, heile året – ring oss på 948 34 493.
Kven er vi for?
- For alle mennesker som har tatt eit val om å leve uten bruk av rusmidlar.
- Mennesker som er påvirka av andre sin rusbruk.
- Skil ikkje på religion, kjønn, politikk, alder eller type rusmidlar
- Formidle kunnskap, inspirasjon og holdningar utifrå eigne erfaringer
Vi tilbyr støtte i form av etterverngrupper og pårørandegrupper – eller kontakt med erfarne personar som sjølve har gått gjennom liknande situasjonar.
Rusettervernet i brukarutvalet i Helse Førde
Rusettervernet har ein aktiv plass i brukarutvalet i Helse Førde, og fungerer som eit talerøyr for brukarar og pårørande med erfaring frå rusfeltet. Gjennom dette arbeidet bidreg vi til å styrkje pasientperspektivet og vere med å påverke utviklinga av tenester innan helse og rusbehandling.
Vi er opptekne av at brukarstemma blir høyrd – og at dei som sjølv har stått i utfordringane, skal få vere med og forme løysingane.