Rusettervernet vil på vegne av Indre Sunnfjord Ettervern invitere til seinsommarfest på Håjen Kafè i Naustdal, fredag den 28 august med oppmøte kl 16:00. Middag blir kl 17:00 og som vanleg blir det fantastisk nydeleg heimelaga sosekjøt og ein god dessert som ventar. Velkommen til ein fin aften i godt lag, der vi kan minnast sommaren og samle krefter til haustens oppgåver.
Rusettervernet vil alltid framheve kor viktig det er med ein arena til å kunne samlast utan maska og skodespelet. Her er vi alle kjende og kan med stoltheit syne arr og bragder frå kronglete stiar, både som edru soldat og pårørande krigar. Å få kjenne på felleskap og samhald, utan maske og fasade eller med diagnose stempla i panna, er ein prøvelse og befrielse. Seinsommarfesten er ein fin anleding å møte gamle kjære kjente eller som nykommar; å ta dei første stega i ein sosial atmosfære som open, ærleg og rusfri.
Velkommen skal du være om du er vår kontaktperson eller deltek i ei av våre grupper. Eller om du jobbar i rusomsorgen og kjenner oss godt frå før; her kan du komme å få møte oss på vår arena, utan kontor med kvite veggar og namneskilt.
Påmeldingsfrist er sett til fredag 21 august og kan gjerast her.
