Tur til Eikeneshesten

Rusettervernet i Sogn og Fjordane inviterar alle våre medlemmar og støttemedlemmar til ei spenstig samling før ferien. Vårt vakre fylke består av mange uoppdaga perler og i all den tid vi har nytta vår energi og tid på heilt andre ting, ynskjer vi å tilby ein anna arena til å teste seg sjølv på heilt andre måtar. Nokre av oss har brukt naturen for å komme seg ut av rusbruk eller klare å stå i det vi står i, mens for andre kan det by på ei heilt ny oppleving å få prøve seg fram saman med gode folk, open og ærleg og ikkje minst høgt under taket i ordets rette forstand. 

Sjå her for meir info og påmelding!