Erfaringskonsulent
Kven er ein erfaringskonsulent?
Ein erfaringskonsulent er ein person som jobbar i tenestene på bakgrunn av eigenerfaring. Mange stadar jobbar erfaringskonsulentar i helseføretak, i kommunar, bydelar, i organisasjonar, institusjonar og som uavhengige erfaringsformidlarar. Rolla som erfaringskonsulent er relativt ny i Norge, men det har lenge vore personar med eigenerfaring som har vore ei støtte for andre med utfordringar innan rus, psykisk helse eller andre sjukdommar.
Kravet til brukarmedverknad i velferdstenestene vert meir og meir sett i fokus, og det å ha erfaringskonsulentar tilsett gjer at dette perspektivet i større grad vert sett på dagsorden.
Korleis kan erfaringskonsulentar bidra?
Ein erfaringskonsulent jobbar ofte med å følge opp brukarar eller som rådgjevar på ulike nivå i offentleg sektor. Dei kan bidra til tenesteutvikling og formidling av informasjon til brukargrupper, og gjennom dette styrke kvaliteten på velferdstenestene.
Forum for erfaringskonsulentar i Sogn og Fjordane
Ynskjer din arbeidsplass å tilsette ein erfaringskonsulent, kan vi no skilte med eit eige forum som består av alle erfaringskonsulentane i tidlegare Sogn og Fjordane. Her kan ein spørje om det meste som er relevant å tenkje på når det gjeld erfaringskonsulentar. Forumet har stor variasjon når det gjeld kjønn, alder, arbeidsplass, type erfaring og arbeidsmåte.
Kunnskapen dei sit med om å vere erfaringskonsulent i vårt distrikt kan være til stor nytte, særleg for dei som jobbar med å tilsette likemenn. Forumet er tilgjengeleg på telefon og e-post, og kan også besøke din kommune for å belyse både fordelar og utfordringar med å jobbe som erfaringskonsulent.
Ta kontakt for ein samtale og drøfting om kva løysing som høver best for din arbeidsplass. All kontakt skjer via rusettervernet.no, som fungerer som bindeledd og kontaktpunkt. Det er ikkje intensjon å tene pengar på dette arbeidet; det er frivillig. Medlemmane i forumet får dekka tapt arbeidsforteneste og utgifter ved reise.
Vil du vite meir om erfaringskonsulentar?
Treng arbeidsplassen din rådgjeving eller hjelp til å tilsette ein erfaringskonsulent? Forumet vårt i Sogn og Fjordane kan dele erfaringar, gi praktiske råd og besøke kommunen din for å belyse både fordelar og utfordringar. Kontakt oss i dag – vi fungerer som bindeledd og kontaktpunkt, og alt arbeid er frivillig.