Samarbeid
Når rus blir røyndom – ekte historier og faglege innspel
Vi leverer engasjerande innlegg som faktisk får folk til å løfte blikket – og kanskje tenkje ein ekstra gong. Enten du vil ha personlege historier frå levd liv, fagleg påfyll om rus og ettervern, eller ein kombinasjon, har vi folk som både kan og tør å snakke om det som verkeleg betyr noko. Her får du ekte erfaringar, ærlige samtalar og kunnskap som ikkje er kopiert frå ein brosjyre.
Kven kan dra nytte av tilbodet?
Skular som vil meir enn berre å sjekke av på ein plan for livsmeistring. Arbeidsplassar som tar rus og psykisk helse på alvor. Helsepersonell som vil forstå meir enn diagnosar. Pårørande som treng eit nytt perspektiv. Eller deg som berre vil vite kva som eigentleg skjer bak overskriftene.
Vi skreddarsyr opplegget til akkurat ditt publikum – frå små grupper til store sal.
Ynskjer du foredrag?
Nysgjerrig? Klar for å booke, eller berre vil vite meir om kva vi kan tilby? Sleng inn ein e-post, ring oss, send røykteikn eller bruk Facebook-chatten vår – vi er (nesten) alltid på. Ingen spørsmål er for små, og ingen utfordringar for store. Vi gler oss til å høyre frå deg!