Ressursar
Brosjyre
Vi deler meir enn gjerne ut gratis brosjyrer!
Fyll ut skjemaet under og få med:
- kor mange brosjyrar du ynskjer tilsendt
- kor du tenker å dele dei ut
- hugs namn og adresse dei skal sendast til
Takk for at du hjelper oss å hjelpe fleire!
"*" obligatorisk felt
Kompetanse
Vi har aktive og engasjerte personar med ulik bakgrunn som har opparbeidd seg kompetanse innan utandørsterapi, sosialt arbeid, erfaringskonsulent, HR og ledelse og mykje mykje meir. Alt for å kunne bidra med det siste til di bedrift, skule, forening eller arrangement.
Tilsette ein erfaringskonsulent?
Ein erfaringskonsulent har eigen erfaring som grunnlag for å støtte andre og bidra til betre tenesteutvikling. Mange jobbar i helseføretak, kommunar eller organisasjonar, og rolla bidreg til å setje brukarperspektivet på dagsorden.
Nyhendebrev
Du kan klikke på knappen under for å melde deg på vårt nyhendebrev som kjem ut ein gong pr månad på epost. Der kjem det info som kan være relevant om du er medlem i ei gruppe, jobbar i hjelpeapparatet eller på annan måte ynskjer å sjå kva som rørar seg i Rusettervernet. Der kan du også få publisert informasjon som kan være nyttig, t.d kurs og seminar, bøker og lenker som kan være av interesse for våre medlemmar eller andre som jobbar innan rusfeltet.
Foredrag og innlegg
Nysgjerrig? Klar for å booke, eller berre vil vite meir om kva vi kan tilby? Sleng inn ein e-post, ring oss, send røykteikn eller bruk Facebook-chatten vår – vi er (nesten) alltid på. Ingen spørsmål er for små, og ingen utfordringar for store. Vi gler oss til å høyre frå deg!