Støtte
Treng du støtte?
Treng du støtte? Her får både du som står midt i det, og du som står ved sida av, eit fellesskap som forstår. Enten du er rusavhengig eller pårørande – saman finn vi nye moglegheiter, mot og meining. Her er det rom for å vere heile deg, og for å ta dei første stega mot endring – på dine eigne premissar. Ta kontakt på 94834493 heile døgnet, heile året.
Etterverngrupper og kontaktpersonar
– For deg som vil leve rusfritt
Vi er mange som har vore fengsla av avhengighet, og har funne god hjelp i å snakke med likesinna. Det å delta i eit felleskap ser vi på som ein av dei viktigaste investeringane du kan gjere på vegen mot eit rusfritt liv. Manglar du eit slikt nettverk der du bur, ta kontakt. Vi kan hjelpe deg om du vil starte ditt eige.
Kva får du i ei etterverngruppe?
Vi er mange som har vore fengsla av avhengighet, og har funne god hjelp i å snakke med likesinna.
Det å gå i etterverngruppe ser vi på som ein av dei viktigaste investeringane du kan gjere på vegen mot eit rusfritt liv.
Hos oss får du ikkje «peikefingeren» – Hos oss får du eit fellesskap!
Å halde seg rusfri handlar i stor grad om å få snakke ut med likesinna. Personar som forstår deg. Som du kjenner deg igjen i.
I våre etterverngrupper treff du personar som er i same situasjon som deg; som nettopp har vore der og personar som har helde seg rusfri i åresvis. Somme stader har vi ikkje grupper, men kontaktpersonar som gir av seg sjølv og sine erfaringar om du har bestemt deg for å ta eit grep. Om DU vil starte ei etterverngruppe eller bli ein kontaktperson der du bur, ta kontakt. Etter 50 år med sjølvhjelpsarbeid, sit vi på mykje kompetanse innan grupper på godt og vondt.
Vi prøvar alltid å være opne og ærlige i møte med andre. Men vi skal også verne om oss sjølve, og forlangar respekt for jobben vi har gjort for vår eigen del. Det vi gir vidare kan dermed virke både sårt og tøft, men det er alltid sanninga.
Kontakt oss i dag på telefon/SMS 948 34 493. Om du ikkje får svar med ein gang, så ring vi opp att til deg.
Etterverngrupper (for rusavhengige):
Grupper med faste møtedagar:
Florø
Tysdag kl 18.
Telefon: 450 56 408
Førde
Tysdag kl 18.
Telefon: 911 80 218
Høyanger
Annankvar tysdag kl 18.
Telefon: 476 80 566
Sandane
Torsdag kl 19.
Telefon: 414 15 366
Stryn
Tysdag kl 18.
Telefon: 400 47 124
Grupper med møte etter avtale:
Fjaler og Hyllestad
Møte etter avtale
Telefon: 415 07 533
Lærdal
Møte etter avtale
Telefon: 416 70 973
Måløy
Møte etter avtale
Telefon: 401 93 969
Sogndal
Møte etter avtale
Telefon: 950 07 074
Solund
Møte etter avtale
Telefon: 478 33 239
Vik
Møte etter avtale
Telefon: 977 79 992
Tilbod til pårørande
– For deg som står nær nokon med rusutfordringar
Å vere pårørande til ein rusavhengig kan vere både krevjande og einsamt. Mange kjenner på bekymringar, maktesløyse, skam og slit. Du er ikkje åleine.
I våre pårørandegrupper møter du andre som forstår – ikkje fordi dei har lese seg opp, men fordi dei sjølv har stått i det. Saman deler vi erfaringar og finn styrke i fellesskap.
Helse Førde sitt tilbod til pårørande
Helse Førde har også eit pårørandetilbod om 3 uforpliktande samtalar med ein ruskonsulent som kan gje svar på ein del praktiske utfordringar om rusproblem; korleis fungerar systemet, innleggelse, rettigheter/ansvar. Dette er samtalar som ikkje treng henvising eller som blir journalført.
Kontakt på 578 39 175, og be om ein pårørandesamtale.
Kva får du som pårørande?
Dersom du er pårørande til ein rusavhengig, kan du ha godt utbyte av å gå i pårørandegruppe eller snakke med nokon i same situasjon. Våre kontaktpersonar er ikkje fagfolk eller psykologar som sit med fasit, men vi er mange som på ein eller annan måte er pårørande og har funne god hjelp i å møte og snakke med andre som har gått vegen.
Om DU vil starte ei pårørandegruppe der du bur, så ta kontakt. Etter 50 år med sjølvhjelpsarbeid, sit vi på mykje kompetanse innan grupper på godt og vondt.
Du er ikke åleine!
Pårørandegrupper:
Askvoll
Møte etter avtale
Telefon: 970 00 993
Balestrand
Møte etter avtale
Telefon: 994 55 676
Fjaler og Hyllestad
Møte etter avtale
Telefon: 906 92 667
Florø
Møte etter avtale
Telefon: 948 34 493 / 932 57 808
Høyanger
Møte etter avtale
Telefon: 900 29 360
Lærdal
Møte etter avtale
Telefon: 416 70 973
Måløy
Møte etter avtale
Telefon: 401 93 969
Nordfjordeid
Møte etter avtale
Telefon: 481 51 284
Stryn
Møte etter avtale
Telefon: 911 03 117
Sjølvhjelp
Saman finn vi moglegheiter – sjølvhjelpsgrupper både for rusavhengige og pårørande av rusavhengige.
For rusavhengige har vi Etterverngrupper. For pårørande har vi Pårørandegrupper.
Sjølvhjelp er å skaffe seg mot og ork til å prøve å gjere endringar i livet. Sjølvhjelp er å lytte til det smertefulle for å finne ut kva det vil fortelje oss. Sjølvhjelp er å ta tak i eigne moglegheiter, finne fram til eigne ressursar, ta ansvar for livet sitt og sjølv styre det i den retninga ein ynskjer. Sjølvhjelp er å sette i gang ein prosess – frå passiv mottakar til aktiv deltakar i eige liv.
Du kan lese meir om sjølvhjelpsgrupper på Sjølvhjelp Noreg sine heimesider.