
Du kan endre livet om du vil
Ein frivillig organisasjon til hjelp for menneske med alle typar rusproblematikk og pårørande til rusavhengige.
Kva treng du akkurat no?
Rusettervernet tilbyr konkrete tilbod for deg som vil endre livet ditt – eller står nær nokon som slit med rus. Nedanfor finn du direkte snarvegar til støtte, fellesskap og informasjon.
Treng du støtte i rusfridom?
Eit fellesskap med likesinna kan gjere heile forskjellen
Føredrag og samarbeid
Rusettervernet deler erfaringar og kunnskap med dykk.
Er du pårørande til nokon med rusproblem?
Du er ikkje åleine. Ta del i ei gruppe eller få støtte frå nokon som forstår.
Kven vi er
Rusettervernet er ein organisasjon driven av brukarerfaring og tru på sjølvhjelp. Vi har over 50 års erfaring med rusfeltet, og har bygd opp eit miljø for ettervern og pårørandearbeid i heile Sogn og Fjordane.
Aktuelt og nyttig
-
Les meir: Seinsommarfest
Seinsommarfest
Rusettervernet vil på vegne av Indre Sunnfjord Ettervern invitere medlemmar og støttemedlemmar til seinsommarfest på Håjen Kafè i Naustdal, fredag den 28 august med oppmøte kl 16:00. Middag blir kl…
-
Les meir: Ressurstreff på Skei
Ressurstreff på Skei
Hei alle! Det er ynskje om ein samlingskveld for Rusettervernet i Sogn og Fjordane sine gruppeleiarar og kontaktpersonar. Dette er betre kjent som «Gruppeleiarseminar» for dei som har vore med…
-
Les meir: Tur til Eikeneshesten
Tur til Eikeneshesten
Rusettervernet i Sogn og Fjordane inviterar alle våre medlemmar og støttemedlemmar til ei spenstig samling før ferien. Vårt vakre fylke består av mange uoppdaga perler og i all den tid…
-
Les meir: Jubileumsbok
Jubileumsbok
I 2020 gav vi ut ei eiga jubileumsbok med tittelen «Open, ærleg og rusfri», som også er Rusettervernet sitt motto. Denne boka tek deg med på ei reise i organisasjonen…
-
Les meir: Informasjon om erfaringsforum
Informasjon om erfaringsforum
Unikt for distriktet er at ALLE erfaringskonsulentane i det som utgjorde Sogn og Fjordane, er samla i eit eige forum.
-
Les meir: Køyreoppdrag
Køyreoppdrag
Rusettervernet utfører transport av personar som skal til, eller har vore i rusbehandling.